Meld deg som frivillig allereie no! 
Vi treng mange frivillige til arbeid på Landsfestivalen i Vestnes. Dess fleire som melder seg tidleg, dess betre er det. 

Alle kan hjelpe til med noko, vi treng hjelp med både små og store oppgåver. Dette kan vere matlaging, servering, rydding, vakthald, rigging av scene, fylje utøvarar til og frå scena, hjelpe til med å rigge campingplassar, lage aktivitetar for born og unge, og mykje meir. 

Meld deg på for å vere med på ein sosial og morosam dugnad!

Dette får du som er frivillig på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2024 - Vestnes:

T-skjorte
Invitasjon til dugnadsfest
1 vakt gjev valfri dagsbillett
1 matbillett per vakt
2 vakter eller meir gjev gjennomgangsbillett til Landsfestivalen og til Meisterkonserten. (unntaket er konsertar under arrangementet)

Dersom du kunne tenkje deg og vere frivillig, så register deg i skjemaet som du finn under her, og du får innhaldsrike dagar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vestnes! 

Kontakt:
Frivilligansvarleg for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2024
Hege Haugen
E-post: hege@landsfestivalen.no